Song Cover Image

Song til Solmøy XI

+ Show full styles
V6

Kjære Solmøy, me laga eit kryssord, ein gong. Me lat viljestyrke verte ord på vår song. Eg kan huske me lo, eg kan huske ditt smil. Eg kan huske me gjekk gjennom avmakt med stil. Etter det så eg deg i den dystraste natt, då eg trengte til hald, da så med meg var fatt at eg mismodig tenkte at det var forbi med dei edle, på jorda, det vakraste i. Du er søt, du er rar, du er modig og øm. Du lyt ta opp ein tråd, gjere den til ein søm. Der var inkje å merke, men ved deg eg fekk kva eg trengte for å prege tida som gjekk. No er draumen me akta snart noko på jord. Me vil takke Vår Herre for kvart gjevne ord. Eg er spent på kva du ved din stilling vil sjå. Det er ikkje så løynd, kva som no er å få. Vit at eg elskar deg, er du gull eller sølv. Vær du ikkje historielaus, vær deg sjølv. Vi at eg ved deg fann i mi framtid eit ljos som eg så på som varme, og så på som kos.