
Nåde er, Solmøy, freden på jorda. Ved ditt namn er du langt ifrå trell. Ein vert gal av dei ufine orda. Ved deg synast at Gud vil ein vel. Ved ditt auge er du noko særleg. Ein kan tru at du er asiat. Og det framande er noko herleg når du er den som gjev på eit fat. Du er vakker, du lager familie som er undring, og som nemnast liv. Du er høgreist i hug og i vilje. Du er alt anna enn lekam stiv. Eg ser deg der du ser til dei andre. Og eg ser kor ditt smil latter gjev. Eg ser deg styrke tru på å vandre som det blåbær mot haust går med strev. Du er løve, og elg, du er mykje ved meg som forunderleg er. Kva du veit, er at du ei er Tykje. Du er nåde, du vil vere kjær.

