Du var ein gong ein skapnad eg trudde var ein havfrue eg såg frå båt. Du var særleg blant alle forskrudde. Opp frå havet du kom ved din låt. Du gav styrke ved å provosere. Du sa, pasient du nemnast kan. Du sa, ein under verje kan vere. Og ditt smil var som til vaksen mann. Eg er deg mykje takksam for ferda. Ved deg noko forbanna eg vart. Når eg endeleg vinn over verda vil eg takke for det som var rart. Ved ditt namn er du sann og rettferdig. Som påliteleg du herleg er. Eg kan sjå deg som muse iherdig, – den som søvnig til vaken fint gjer. Eg er kjær i deg, Solmøy, du kvinne. Du er glad, du er latter og smil. Du er skatt for ein stakkar å vinne. Du er tiltrekkande ved din stil.


