Song Cover Image

Song til Solmøy IX

V6

Du Solmøy, du kom som ein draum og gjorde for meg sting til saum. Den fred du gav uroleg sinn gav lyst til steg og eld i kinn. Du er så ven at gløden renn. Du er så vakker at ein brenn. Eit fjell i fyr og flamme vart det til at eg fann i full fart. Det går ein sti i hugen min, igjennom skog med blome fin, der eg kan sjå det grøne fri. Der eg kan halde handa di. Eg drøymer om oss to i lag langs faret natta til frå dag, der ikkje eg er eld og brann men eg er oss i lekam sann. Eg drøymer om det gode liv der ikkje eld er hete stiv, der brannen er som glød å få, og ljos, og mykje fint å sjå.